Feb 15, 2008 |
Historien om Ompa. |
 Tanken var å laga eit konseptalbum som på papiret skulle ta for seg paralelle historier frå same surrealistiske unives:
Marcello Conradas er ein av Mr. Kaizers menn. Han får eit kall om å kryssa dei sju hav, men blir tatt til fange ein stad i Austen og sett i arbeid under slavedriveren Henry i gruvene på 16. Etter mange år får Mercelle hjelp av Mr. Kaizer til bli kvitt Henry. Han flyktar frå gruvene og drar tilbake mot Christiania etter kona Victoria, fødd Sudine. Ho Var ein av dei få overlevande etter den store flaumen i Transylvania. Problemet var bare at Victoria i Marcellos lange fråvær er blitt sjarmert og har gifta seg med den sleske Sven Korner. Ingen veit 0m giftemålet, men Sven får panikk og tar livet av Victoria i parken med ein kniv. Tilbake frå gruvene på 16 og dei sju hav sver Marcello på at han skal ta hemn, og etterlyser Sven Korner med bilete i avisa.
Dominique jobba også for mafiabossen, som verje for Tony Fusciante. I Marcello og fru Conradas´ kjeller, der bileta av dei som har gått ned og ikkje er blitt sett sidan heng på veggene langs trappa, blei det i dei gode gamle dagane med krig og fest arrangert russisk rullett kvar fredag. Ein av desse fredagane blir Dominique full og sviktar oppdraget. Tony er sjettemann rundt bordet, og etter fem klikk i revolveren er det klart for eit site smell og varmt bly gjennom ynglingens hjerne. Slik går Dominique frå å vera sjåfør til å blir passasjer i mafianes svarte bil. Og alle veit jo kva det betyr.
Og så var det Egil Ei. Ingen dansar vals som gamle Egin Ei - onkelen som varsla om katastrofen, slo alarm og fekk frøken Sudine ut ifrå badet då vatnet steig som verst.
|
posted by Kamilla @ 19:56  |
|
1 Comments: |
-
Flinke Kamilla, skriver blogg ^^
|
|
<< Home |
|
|
|
|
About Me |

Name: Kamilla
Home: Bergen, Hordaland, Norway
About Me:
See my complete profile
|
Previous Post |
|
Archives |
|
|
Links |
|
Powered by |
 |
|
Flinke Kamilla, skriver blogg ^^